Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Presentasjon av Fedje kommune

Kommunevåpen

Fedje - Noregs vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er det ca. 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll og om vinteren ruskevêr.

Skal du til Fedje, må du reisa med ferje eller annan båt. Ferja kryssar fjorden tjuefire gonger i døgeret, og er som basal navlestreng å rekna. Fedje, eit lite kystsamfunn mot Nordsjøen, ei låg øy i ein heil armada av mindre øyar, holmar og skjer. Eit lite stykke Noreg ute i havgapet, og ein forpost for landet innanfor. Her bur fedjingen, og trivst med det. Det blæs frå nord, og det blæs frå sør, - og iblant er det vindstille. Ofte er det opplett, for skyene dei fer innover til fjordar og fjell.   Dersom ein går opp til utkiksposten ved Fedje Trafikksentral, ser ein at det alt vesentlege av busetnaden ligg på nordsida av øya, med utgangspunkt kring den naturlege, laguneliknande hamna Kyrkjevågen. Folk bur eigentleg i gangavstand frå kvarandre, for hovudøya er berre på 7,4 km2, og med dei 125 småøyane, holmane og skjera utgjer det heile 9,4 km2.

Laster...