Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Avlevering og periodisering

Avlevering skjer når ein overfører arkivmaterialet frå kommunen  til arkivdepotet. Samtidig som ein gjer det skjer det ein overføring av eigarforholdet til arkivet. Kommunar som deponerer arkivet hos arkivdepoet, det vil seie at eigarforhodlet til arkiva ikkje vert overført til arkivdepoet, men vert teke vare på av kommunen. Fedje kommune er medlem av arkivinstitusjonen Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) og har depotavtale med IKAH. 

Det er vanleg at periodisering skjer same haust som det er kommune- og fylkestingsval. I følgje arkivforskrifta § 13 skal delar av eit arkiv som ikkje lenger er bruk periodiserast. Ved periodisering skal avslutta saker i ei periode verte skilt ut frå eit arkiv og teke vare på som ei arkivering i ei ordna og tilgjengeleg form. Ved periodisering av elektronisk arkiv skal ein kopi av det periodiserte elektroniske arkivet overførast til depotet. 

Laster...