Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Postjournal

Arkivtenesta skal dagleg leggje ut offentleg journal. Denne skal vere utforma slik at den gir oversyn over alle inn- og utgåande brev, samstundes som opplysningar unntatt offentlegheit er fjerna. Den offentlege journalen blir lagt ut på www.fedje.kommune.no i elektronisk versjon to verkedagar etter registrering. Arkivtenesta fører særskilt kontroll med at ingen opplysningar underlagt teieplikt blir gjort tilgjengelege.

Rådmannen, eller den som har fått fullmakt til det, avgjer kva saksdokument som skal bli unntatt frå offentleg innsyn. Unntaka blir registrerte i sak-/arkivsystemet med lovheimel.

 Rutine for arkiv finn du her:

[WebSak_Fokus_arkivrutiner_mal IKTNH_mars 2014.docx 252,97 kB]

Journalføring og ekspedering av eigenproduserte saksdokument

Alle utgåande brev og andre eigenproduserte saksdokument skal skrivast og journalførast i sak/-arkivsystem (Websak). Arkivverdige dokument produsert i eigne fagsystem skal importerast til sak/ arkivsystemet ved direkte import. Der det ikkje er mogeleg skal den enkelte sakshandsamar levere arkivverdige dokument for scanning.

Papirpost og elektronisk post har likeverdig status i Fedje kommune.

Arkivtenesta skal kontrollere at dei eigenproduserte saksdokumenta er korrekt journalført.

 Rutine for sakshandsamarar finn du her:

[WebSak_Fokus_saksbehandlingsrutiner_mal IKTNH_mars 2014.docx 954,08 kB]

 Arkivskaparar i Fedje kommune:

  • Sentralarkiv (Rådman, bibliotekssjef, kommunekasserar, plan- og utbyggigssjef, kultursekretær, rektor ved Fedje skule, leiar- og pedagogisk leiar ved Fedje barnehage, leiar for pleie og omsorg, helsesyster, fysioterapeut, personalkonsulent og samfunnsplanleggar)
  • Pleie- og omsorg
  • Helsesyster
  • Fysioterapeut
  • Fedje skule
  • Fedje barnehage
  • Nav
  • Barnevern
  • Kommunekassa
Laster...