Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Fedje kommune 2018 - 2025

Bakgrunn

Jf. arkivforskrifta §4 skal; «alle offentlege organ til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal og vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet». I riksarkivarens forskrift § 1-1 om arkivplan er det skildra eit minste krav til arkivplanen sitt innhald.

Den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll, jf. arkivforskrifta §4. I Fedje kommune er dette ein del av det ansvaret som er lagt til administrasjonssjefen (rådmannen) etter kommunelova § 23 nr. 2 andre punktum.

Formål

Formålet med arkivplanen er at den skal vere Fedje kommune sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, og såleis eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Fedje kommune. Alle tilsette på dokumentsenteret og sakshandsamarar i kommunen er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanen sitt innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Fedje kommune 2024

kommunedirektør