Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Personvern /GDPR

Informasjon om personvern og GDPR

Lovverket påleggjer kommunane å informere innbyggjare om personvern og GDPR. Fedje kommune har lagt seg på same linje som åtte av ni av kommunane i Nordhordland når det gjeld informasjon på innbyggjarportal.

Fedje kommune har på heimesidene lagt ut tekst på heimesidene om personvernerklæring og informasjonskapslar som mellom anna informerar innbyggjarene om kva som er nytt med med ny GDPR-lovgjevning og kva den einskilde innbyggjar har rett til når det kjem til personvern. Me har tilpassa denne fellesteksten lokalt til Fedje kommune.

Datatilsynet er dei som følgjer opp om lovverket blir overhaldt knytta til informasjonsplikt. Teksten på heimesidene er linka til datatilsynet sine sider for meir informasjon ved aktuelle høve.

Følgjande personvernerklæring ligg no på heimesidene:

Personvernerklæring 

Kva er nytt?

Frå juli 2018 gjeld EU sin nye personvernforordning (GDPR) også i Noreg. Dette gir deg som innbyggjar nokre utvida rettar knytt til personvern. 

Med GDPR får vi som kommune berre lov å handsame dine personopplysningar om: - det er krav om det i lov eller forskrift- kommunen skal sikre ei rett du har - du har gitt klart samtykke til det

Kva betyr dette for deg?

Når kommunen handsamar personopplysningar om deg, skal du alltid få vite kva opplysningar som vert handsama, kva dei skal brukast til, og når opplysningane vert sletta. Med den nye personvernforordninga har du rett til:- at dine personopplysningar berre vert handsama for det formålet dei vart innsamla for- å få innsyn i kva personopplysningar som vert handsama om deg og om ynskjeleg få kopi av desse utlevert på papir eller digitalt. - å få korrigert opplysningar som ikkje er korrekt- å krevje at vi slettar opplysningar (gjeld ikkje opplysningar som kommunen etter lov plikter å behalde)- å protestere mot handsaminga av personopplysningar (til dømes om formål eller vilkår ikkje lenger gjeld)- å få tilgnag til personopplysningane dine på eit strukturert, maskinlesbart og brukbart format. Denne retten er omtala som dataportabilitet i GDPR, men den gjeld berre når:- når behandlinga ikkje har rettsleg grunnlag- når utlevering er teknisk mogleg- for opplysningar du sjølv har gitt kommunen gjennom samtykke eller kontrakt- for personopplysningar som vert behandla elektronisk

Meir informasjon om dei nye rettane dine finn du på nettsidene til Datatilsynet. 

Laster...